Ope høyringsmøte om E39-saka onsdag 18. januar på Skei
– Vi tek på alvor er at E39-saka både er svært viktig og engasjerer breitt. Difor arrangerer vi ope høyringsmøte for lokallaga innan fylkeslaget på denne saka onsdag 18. januar på Skei hotel, seier fylkesgruppeleiar Noralv Distad og fylkesleiar Bjørn Lødemel.
- Det er ei kjent sak at det er delte meiningar om den framtidige traseen for E 39 – i alle parti, også Høgre. Vi ønskjer
med dette møtet å sleppe til på talarstolen dei i vårt eige parti som har eit sterkt engasjement i saka. Partihøyringa vil
gje nyttig informasjon til fylkespartiet og ikkje minst fylkestingsgruppa når dei tek endeleg stilling i saka, opplyser Distad
og Lødemel.
– Til no har Eid, Vågsøy, Gloppen og Stryn Høgre meldt frå at dei vil leggje fram sine synpunkt på saka. Vi ser fram til eit
møte med informasjon og engasjert argumentasjon, konkluderer Distad og Lødemel.
(Møtet startar kl 16)
FOR FLEIRE KOMMENTARAR - KONTAKT:
- Fylkesgruppeleiar Noralv Distad tlf. 913 74 976
- Fylkesleiar/stortingsrepresentant Bjørn Lødemel tlf. 917 77 488
- Relaterte artikler
-
-
5 siste relaterte artikler
- Laster relaterte artikler
-
