Fylkestingsgruppa er som venta delt i E39-saka

– Det var godt oppmøte på det opne høyringsmøtet til Sogn og Fjordane Høgre – 37 medlemmer møtte. Vi har hatt ein grundig og skikkeleg prosess i Høgre. Som venta er gruppa delt: Fire av våre fylkestingsrepresentantar vil følgje den faglege tilrådinga til Statens Vegvesen om indre linje, medan tre representantar vil fremme forslag om noverande midtre vegtrasé med bru via Anda–Lote – og deretter tunnel frå Lote og mot Kvivsvegen, seier fylkesgruppeleiar Noralv Distad.

- Konkret betyr dette at Bjørn Hollevik, Ole Gunnar Krakhellen, Frida Melvær og Arve H. Mjømen går for E39 via indre linje; tunnel under Utvikfjellet, bru over Nordfjorden ved Svarstad og Kvivsvegen. Noralv Distad, Olin Johanne Henden og Liv Stave vil røyste for ”S´en” med bru over Anda-Lote og Kvivsvegen, opplyser Distad.

– Det at gruppa er delt ser eg på som udramatisk, i og med at det var kjent på førehand at det var delte meiningar. Gruppa var samla om at kvar representant står fritt i saka, slutar Distad av.


FOR FLEIRE KOMMENTARAR - KONTAKT:
-    Fylkesgruppeleiar Noralv Distad tlf. 913 74 976

Relaterte artikler