Fleire ledige plassar i fylkesstyret for Sogn og Fjordane Høgre

– Når ein ser samla på fylkesstyret er det tre ledige plassar som skal dekkast, medan alle varamedlemmer tek attval, konstaterer Magny H. Myklebust frå Selje, som er leiar av fylkesvalnemnda til Sogn og Fjordane Høgre.



Frå før har fylkesleiar Bjørn Lødemel frå Hornindal gjeve valnemnda melding om at han etter 6 år som leiar ikkje tek attval. Fylkesstyremedlemmane Claus Kvamme frå Sogndal og Hallgeir J. Helland frå Flora tek attval. Men kvinnepolitisk fylkesansvarleg Olin Johanne Henden frå Gloppen og fylkesstyremedlem Sissel Loen frå Stryn er ikkje opne for attval for to år. Alle dei sju varamedlemmane er opne for attval. Dessutan seier ein av to revisorar ja til attval, medan den andre ønskjer avløysing.

Høgre jobbar målretta med kvinnerekruttering og –motivasjon. Difor er alle dei 26 kvinnepolitisk ansvarlege i lokallaga elles oppmoda om å komme med framlegg på ny kvinnepolitisk fylkesansvarleg.

– Situasjonen opnar samla sett for ein del utskifting av fylkesstyret. Fleire av dei som takka av har vore med i ganske mange år, og difor er dette ei naturleg fornying. Eg ser fram mot ein engasjert valprosess. Valnemnda skal ha sitt første møte måndag 30. januar, opplyser Magny H. Myklebust.


Fylkesårsmøte
Sogn og Fjordane Høgre har fylkesårsmøte laurdag 24. og sundag 25. mars på Hotel Alexandra i Loen/Stryn kommune.



FOR FLEIRE KOMMENTARAR - KONTAKT:
-    Leiar av valnemnda for fylkeslaget Magny H. Myklebust frå Selje tlf. 917 21 651



* Fylkespartisekretær Ingvar Torsvik Myrvollen kan treffast på tlf. 901 23 185 el. privat 932 49 145 *
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Oversikt val – attval eller ikkje – fram mot fylkesårsmøtet i 2012


DESSE ER PÅ VAL
Fylkesleiar            Bjørn Lødemel        Hornindal        ikkje open for attval
Kvinnepolitisk fylkesansvarleg    Olin Johanne Henden    Gloppen            ikkje open for attval
Fylkesstyremedlem        Claus Kvamme        Sogndal        open for attval
Fylkesstyremedlem        Sissel Loen        Stryn            ikkje open for attval
Fylkesstyremedlem        Hallgeir J. Helland    Flora        open for attval

(DESSE ER IKKJE PÅ VAL)
(1. fylkesnestleiar        Arve H. Mjømen        Gulen)
(2. fylkesnestleiar        Toril O. Fjørtoft        Eid)

(Fylkesstyremedlem        Siw Landro        Førde)

VARAMEDLEMMAR
1. varamedlem            Harald Kvame        Naustdal    open for attval
2. varamedlem            Brita Einemo        Lærdal        open for attval
3. varamedlem            Sven Flo        Stryn        open for attval
4. varamedlem            Einar Vatlestad        Sogndal        open for attval
5. varamedlem            Jacob Nødseth        Flora        open for attval
6. varamedlem            Harald O. Aamot        Førde        open for attval
7. varamedlem            Irene Lesteberg Holsen    Jølster        open for attval


Revisor                Bjarte Isak Husevåg    Førde            ikkje open for attval
Revisor                Elin Schei Stuhaug    Naustdal    open for attval


Valnemnda skal i tillegg fremme innstilling på val av fem delegatar til landsmøtet med nummererte varadelegatar.

Fylkesstyret skal fremme innstilling på val av valnemnd (7 pers.) med personlege varamedlemmer.

Relaterte artikler